Tempus fugit…

Tida flyr! Det er alt ein månad sidan eg reiste heimefrå!

Tenkte eg skulle fortelje litt om kvardagen her nede no (vi har i tillegg vore på eit par turar, men det kjem seinare).

Vi har skule mandag til torsdag, og fri fredag. Det er to timar spansk kvar dag, og filosofi eller exfac ellers – faktisk ganske spennande fag, alle tre! Mandager begynner vi tidlig (noko som kjem godt med når ein har festa til sju om morgonen natt til fredag, lørdag og søndag 😉 ), så vi er ferdige i fire-femtida. Dei andre dagane er vi ferdige halv tre, og rekk dermed ein god tur nedom stranda før det blir mørkt i seks-sjutida.

Stranda, Playa del Carmen

Været har for det meste vore bra her, i alle fall om vi samanliknar det med Vestlandet heime. Det har vore litt regn innimellom, men ikkje så mange dagar, og ikkje så lenge av gangen. Derimot kan regnet komme fort og overraskande: På søndag var eg ute òg åt på restaurant saman med ein gjeng. Vi satt på ein takterasse med litt lite gjennomtenkt gulvplanering. Regnet kom brått, og gjekk over etter ti minutt, men då sto alt vatnen nestn opp til anklane på heile gulvet… Vi hadde heldigvis telt over hovudet, så vi vart ikkje ordentlig våte andre stader enn på beina, og slipperser (som for øvrig er det einaste skotøyet ein treng her) tørker heldigvis fort.

Utanom skule og restaurantbesøk, så går det som nevnt mykje i festing her. Fredag var kanskje den perfekte kvelden / natta: Vi møttes ved en bar som avtalt og gjekk for å leite etter eit biljardbord. Nokre biljardrundar og timar seinare reiste vi på karaoke-bar, der Daniel (bildet) bl.a. brillierte med “It`s a beautifull day” av U2, og vi andre prøvde oss på bl.a. “I love rock and roll” (Dessverre hadde dei berre tidenes dårligste versjon av sangen, nemlig den av Britney, så det heile vart litt urutinert, men-men – MORRO var det i alle fall!) 🙂

Daniel synger

Etter Karaoke forsvant nokon heim, mens den harde kjernen (Lise, Daniel og meg) gjekk på utestaden “Santanera” der vi prata med meksikanarar, tyskarar og kanadiere til langt på natt. Som nemnt var eg heime og i seng til sju-tida… Det skjedde ikkje fullt så mykje forskjellig dagen etter, men vi var like lenge ute, og fekk prata enda meir med meksikanarar. Morro å få praktisere spansken litt, sjølv om ordforrådet enda er temmelig begrensa. :p

Lise, Daniel og Meg på Santanera

Dykking har det enda ikkje blitt noko av her enda, men det ser ut til at det kan bli ein tur på søndag eller til veka igjen.

På fredag blir det visst grilling og volleyballturnering på ei strand ikkje så langt herfra, og når haustferien (øh, “studieveka” heiter det visst) kjem blir det enten ein ny tur til Cuba, eller kanskje ei lita ferd litt lenger inn i Mexico. Det er så langt planane rekk føreløpig.. vi får ta det sann litt etter kvart! 😉

Advertisements

About kjartanl

Systems Developer working near Bergen, Norway.
This entry was posted in Mexico (Old Content). Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s