Cuba

Då var bildene frå reisa og frå Cuba endelig på nettet. Du finn dei ulike galleria her:

Så var det vel kanskje på tide å skrive litt om reisa!

Eg reiste altså frå Bergen søndags morgon, den 2. september, og kom til Cuba på ettermiddagen same dag. Der vart eg møtt av ein fyr som ikkje kunne eit ord engelsk, men som hadde navnet mitt på eit skilt. Han eskorterte meg til ein drosje med ein sjåfør som heller ikkje forstod eit ord eg sa, men som heldigvis visste kor eg skulle. Hotellet, “Lido”, ligg i noko som kan sjå ut som ei bakgate, sjølv om det berre er eit kvartal unna Prado, som er hovedgata gjennom Havana.

Det var ikkje så mykje igjen av kvelden når eg var kome på plass på hotellet. I tillegg var eg litt sliten etter reisa, og skulle tidlig opp for å bli med på ein tur rundt i byen dagen etter, så eg gjekk tidlig til sengs, og var oppe i god tid dagen etter.

Dag 1

Frokost på hotellets terasse var inkludert, og bestod alle tre dagane av omelett, nydelig sterk og frisk kaffe, og eit glas fantastisk jus som eg aldri fann ut kva var for noko.

Utsikta under frokosten
Utsikt under frokosten

Eg møtte guiden ved resepsjonen litt seinare. Han skulle òg ha med seg to jenter som viste seg å være danske. I tillegg hang ein fyr ved navn Adam seg på og vart med. Han viste seg å være IT-konsulent på frå Australia, og hadde kome til hotellet kvelden før, som meg. Vi kom straks godt overens, og farta rundt i byen saman dei neste to dagane.

Den guida turen gjekk mest rundt i gamlebyen, og gav ei god oversikt over kor alt var og kva vi burde få med oss. I tillegg fekk vi rikelig med tips og råd frå guiden, som kanskje var den einaste cubanaren eg møtte som virkelig kunne engelsk ordentlig. Turen vart avslutta med ein Mojito på ein bar på taket av eit flott hotell, med flott utsikt over byen og havna.

Utsikt frå baren

NB: I staden for å skrive meir detaljert om det vi gjorde og såg her har eg satt ein del kommentarer inn på bildegalleria som det er linker til øverst, så du finn meir der! 🙂

Etter guidinga fekk eg og Adam oss litt middag på ein restaurant før vi tok turen innom revolusjonsmuseet, som “dokumenterer” kampen til Che Guevara, Fidel Castro og dei andre revolusjonistane (er “dokumenterer” riktig ord å bruke når det lukter propaganda lang vei? 😉 ).

Til eit visst punkt var dette spennande, men etter kvart vart det mykje av det same: Bilder, kart og montasjer som fortel om historien, og diverse gjenstander som våpen, piper, lightere, klesplagg, radioar og andre ting som var i bruk:

Dessverre var berre enkelte delar av teksten i utstillinga oversatt til engelsk, så det var heller ikkje så lette å få alle detaljar med seg..

Etter ein lang dag med mykje sightseeing tok vi ein roleg kveld med litt cubansk rom i baren, og avtalte å treffast ved frokosten dagen etter.

Dag 2

Planen var eigentleg berre å traske rundt litt på måfå i byen denne dagen, og sjå kor vi endte opp. Det viste seg å være smart: Eit av høgdepunktene var då vi stakk hovudet innfor døra på Bacardi-bygningen, og vart vi invitert med opp på taket av ei vakt! Vi tok først heis, og deretter ei bratt vindeltrapp (sjå bildegalleriet), og kom ut heilt øverst, på balkongane like under Bacardi-statua som kan skimtast på bildet. Prisen var nokre få kroner for å få ei fantastisk utsikt utover heile byen.

Bacardi-bygningen

Vakta peika ut mange byggningar og område og forklarte villig om byen, menneska, den cubanske idrettskulturen og mykje meir (Cubanarane gjer det visstnok bra innanfor bl.a. baseball, volleyball, boksing og andre kampsportar, og det er vanlig at ein driv med fleire ulike idrettar). I tillegg forklarte han korleis vi skulle komme oss ut til festningen som ligg over fjorden frå sjølve byen – det vart dagens andre høgdepunkt.

Utsikt frå Bacardi-bygget. Legg merke til skjorta til Adam: I Australia driv han med segling, og kjøper dermed ein del utstyr og klær frå norske Helly Hansen!

Etter “Edificio Bacardi” reiste vi altså ut til festningen. Det er eigentleg to fort: El Morro, som vart bygd for å beskytte byen mot raid frå havet, og La Cabaña, som vart bygd etter at spanjolane fekk Cuba tilbake i bytte mot Florida omkring 1763 (England hadde hærtatt Havana i 1762, mens spaniolane hadde Florida). Stikk innom bildegalleriet for festningen for meir derfrå! 🙂

Festningen

Dag 3

Eg og Adam hadde begge nokre timar til rådighet på føremiddagen før vi skulle reise vidare, så vi spaserte litt rundt til rundt i byen. Havana er ein herleg by å berre vimse rundt i: Mykje å sjå, og veldig mange hyggelige folk. Ein kan bli stoppa på gata av folk som berre vil prate litt og fortelle om byen og landet, og om kveldane hender det at folk står og danser ute på gatene (Ein kveld var det ein liten gjeng som feira eit bursdagsselskap rett nedanfor balkongen min – dei dansa salsa midt i gata til langt på natt…). På eit tidspunkt hjalp eg ein gamal mann over gata og opp på ein høg fortauskant – då takka han hjertelig, og forklarte med litt spansk og litt kropsspråk at eg slett ikkje var som ein vanlig turist, men derimot hjelpsom og hyggelig akkurat som ein ekte cubanar! Og det må vi vel i høgste grad ta som eit kompliment! 😀

Cuba og Havana var ei fantastisk oppleving, og eg håper eg får anledning til å reise tilbake der snart! Kanskje blir det til og med ein tur til i løpet av opphaldet her i Mexico? Det er i alle fall fleire andre studenter her som vil det, så vi får sjå kva som skjer!

Advertisements

About kjartanl

Systems Developer working near Bergen, Norway.
This entry was posted in Mexico (Old Content). Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s